






Om oss
I mai 2009 starta me HJELLE UTSALG VOSS AS med b.l.a Hjelle Bakeri AS frå Vaksdal sine produkt.
Hjelle Bakeri AS er kjend for sine kvalitets produkt til rimelege prisar.
Frå og med 12.02.2010 overtek EVANGER SPEKJEMAT sal av alle HJELLE produkt på Voss.
OPNINGSTIDER
Mandag – Fredag –
Laurdag –
Telefon: 480 30 367
Velkommen til EVANGER SPEKJEMAT, Vangsgata 14……….
Historia om Hjelle Bakeri AS
Byrja i 1962 i Indre Arna.
Då verkeleggjorde ekteparet Borgny og Anders Hjelle sin store draum:
Eit bakeri drive etter velprøvde handverkstradisjonar, og trua på at bakverk med særpreg og høgste kvalitet måtte bli ein suksess.
Marknadsføringa var like enkel som den var effektiv.
Rykande ferske bakevarer vart tilbode på dørene til hushaldningane i Arna bygda.
Det tok ikkje lang tid før det gjekk gjetord om dei velsmakande Hjelle-brøda, og då bakeriet flytta til Espeland og opna utsal, fekk også byfolk på veg austover sansen for den særeigne kvaliteten Borgny og Anders stolt heldt i hevd.
For mange blei då tradisjon å fylle opp med brødvarer frå Hjelle Bakeri undervegs til hytta på Kvamskogen og Voss.
I dag har både bymann og stril lett tilgang til det rikhaldige vareutvalet og den særprega Hjelle-kvaliteten som med uførminska kraft har vært hovudingrediensen sidan 1962.